Go back


download musicfile mix    download musicfile

Vårsøg


No skin de sol e høgste Svea liå.
No bli de vår, de kjenne e så vel.
De søng så tongt kring alle dalasiå,
å synnåvinn han kjem å gjer me sel.

Når sommarn kjem da bli de fint e fjellå,
da ska e dit å hør kår bjekkin søng,
å kliv te topps e brattast berjestellå,
å vea gras å tort å tågberløng.

E kjenne lokt tå gras kring alle haua,
å sola skin, å bjøllåin kling så kløkt.
Å tjønnin legg så blank der e ska laua
me berg ekreng; de e kainn sol` me trøkt.

Å du, å du, kår sårt å selt e stoinna,
når sola skin frå kvite høgdå ne.
Da væt e vår´n han e kje lenger oinna
at e får levva slik æn sommar te.

Da væt e vesst at bekkjin legg å venta
poinn kalle isa me så sval æn drekk.
- Når hausten kjem, å sistkvellskløva henta,
da ska e takk` fær sommarn så e fekk.

(D.C. al Fine instrumental)


        

dikt skrevet av Hans Hyldbakk


Hans Hyldbakk (8. mai 1898–18. august 2001) var ein norsk diktar og bygdebokforfattar frå Surnadal på Nordmøre.
Mange av dikta hans, som oftast er skrivne på nordmørsdialekt, vart vidkjende då Henning Sommerro sette musikk til dei og gjorde dei til hovuddelen av popgruppa Vårsøg sitt repertoar. Særleg kjende er dikta «Vårsøg» og «E slåttatæja».
Som lokalhistorikar og bygdebokforfattar skreiv han til saman om lag 11 000 sider, mellom anna i bygdebøker for seks ulike kommunar og i fleire jubileumsskrift frå heimtraktene sine. For dette arbeidet fekk Hyldbakk tilnamnet «småkårsfolkets historikar».
Han debuterte med diktsamlinga Harpespel i 1929, og det kom i alt ti diktsamlingar, seks prosabøker, elleve bygdebøker og sju jubileumsskrift frå Hyldbakk si hand.