Go back


MANNBJØNNEN: Ei dyrehistorie utan sidestykke
Av Bernt Gudrunson Bøe

“Til minne om dei folk bjørnane drap, og om den djerve bjørneskyttaren Tølløv Person Foldal, som i åra 1775-1776 frelste desse bygdene frå rovdyrplagen og skaut mannbjørnen, reiste ungdom av Aasskar, Halsa, Valsøyfjord denne steinen anno 1926”

Denne innskrifta står å lesa på «Bjønnastøtta» i Haugaskaret - bautasteinen som i 1926 vart reist ved 150-årsminnet for dei fem menneska som vart drepne av bjørn i desse traktene midt i 1770-åra. Den er samtidig minnesmerke over, jegeren som etter tradisjonen skaut dette mest berykta rovdyret i vår historie, den såkalla «Mannbjønnen», sommaren 1776.

bjønna støtta

Underleg nok er bakgrunnen for bautaen lite kjent og omtala utanfor dei bygdene der dramatikken skjedde. Hendingane med Mannbjønnen som hovudaktør er nemleg utan sidestykke i både norsk og internasjonal historie. Stoffet i denne artikkelen er for det meste henta frå boka «Kring ein fjord» (Bernt G. Bøe 1980) og samlar både dokumentarstoff og anekdoter.

Den viktigaste samtidige dokumentasjonen på bjørneplagen midt i 1770-åra er to brev som kaptein Johan Michael Meldahl i «Det Brøsiske Compagnie» (Brøske-kompaniet) i Stangvik skreiv til amtmannen i Molde. Det første er datert 4. mai 1776 og skildrar kor «den der i Mængde sig opholdende Bjørn» skaper problem for folk flest – særleg med tanke på krøtterbeita. Samtidig tek kapteinen til orde for ei storstilt bjørnejakt der «vist 500 Mand behøves for at faae Bjørnene uddrevet af sine Huler». Amtmannen bed så om nærare informasjon, og i sitt neste brev (30. juli 1776) skildrar kapteinen konkrete hendingar og dokumenterer heile fem bjørnedrap på menneske i løpet av dei par siste åra. Meldahl (og seinare fleire med han) synest å meine at det var fleire bjørnar som drap menneske dei to-tre åra vi her talar om – noko som blir imøtegått av fagfolk i vår tid. Like eins er hans datering av hendingane ofte upresise. Men breva frå 1776 er likevel dyrebare dokument.

I – Trodalen
«Vendte om og dræbte Manden»

husa i Trodalen

Mest sannsynleg starta dramatikken på den avsidesliggande og no fråflytta markagarden Trodalen ved Surnadalsneset på sørsida av Bøfjorden. Den 8. juni 1775 vart det gjort opp dødsbu etter bonden der, Knud Olsen Trodal. Han var truleg det første offeret for bjørnen. Kaptein Meldal skriv:

«Da Bjørnen om Aftenen var kommet til Mandens Fæhus for at brække ind, han vilde redde sine Kreature, tog han i hast en Kornstør og dermed drev Bjørnen fra Fæhuset, men da han uforsigtig forfulgte den lidt fra Gaarden, og som der syntes, har stukket i Bjørnen den spidse Ende der fandtes blodig, vendte dem om og dræbte Manden.»

Brevet fortel vidare at dottera på garden tok ei øks, hogg til bjørnen «og dermed lidt beskadiger den, som kunde sees af det Blod, som fandtes paa Øxen» slik at dyret rømte. Men som vi skjønar, kom ho for seint til å berge farens liv.

I muntleg tradisjon frå Trodalen har eg fått overlevert litt andre versjonar av historia.

Ole Trodal, fødd i 1907 og oppvaksen på garden, fortalte at bjørnen vart oppdaga da han rispa korn av banda ute på åkeren. Søster til Ole, Dagny Trodal Røsandhaug (fødd 1921) hadde høyrt at det var ei glødande vedskie den nemnte jenta tok med seg. Ho heldt den i ei tong eller klip, sprang ut og jaga bjørnen med den.


© Bernt Gudrunson Bøe. Historien er skrevet i Årbok for Kristiansund og Nordmøre Turistforening 2015

s1

side 1     side 2     side 3     side 4     side 5     side 6     side 7     side 8     side 9     side 10