Go back


download musicfile

Blåmann
by Aasmund Olavsson Vinje


Blåmann, Blåmann, bukken min,
tenk på vesle guten din!
Bjørnen med sin lodne fell
kan deg taka seint i kveld.

Gamle Lykle, moder di,
seint kom heim med bjølla si.
Så ikring seg ho mund' sjå
liksom der var fare på.

Det såg ut som der var naud,
kanskje no du ligger daud.
Tidt du dansa kringom meg,
mangt eg rødde då med deg.

Når eg låg som blind og dauv,
grov du på meg med di klauv;
ja, du ville vekkja meg
opp til leiken din med deg.

Du var sprek og glad og god,
all mi ros du vel forstod.
Tidt du veit eg sa til deg:
«Han veit meir enn mata seg.»

Blåmann, Blåmann, svar meg no,
mekra med ditt kjende ljod!
Ikkje enno, Blåmann min,
må du døy frå guten din.





© Wikipedia, the free encyclopedia

«Blåmann» eller «Leitande etter Blåmann» er ein kjend song skriven av Aasmund Olavsson Vinje. Han blei prenta første gongen i Dølen i 1860, som avslutning til artikkelen «Gjeiti». Diktet blei seinare tonesett av Anne Haavie, og er blitt ein utbreidd norsk barnesong.
«Blåmann» er inspirert av Vinje sine opplevingar som gjetargut. Blåmann og Lykle var verkelege geiter som Vinje hadde eit nært tilhøve til, slik det er skildra i diktet.
Bukken i diktet har inspirert kommunevåpenet til Vinje, heimstaden til diktaren, og gjeve namn til folkemusikkgruppa Blåmann Blåmann og barnebokklubben Blåmann.


Aasmund Olavsson Vinje (fødd 6. april 1818 i Vinje i Telemark, død 30. juli 1870 i Gran i Oppland) var ein norsk forfattar, journalist, lærar og jurist.
Vinje var ein av dei fyrste etter Ivar Aasen sjølv som aktivt tok i bruk landsmålet, i både prosa og lyrikk. Med kjende dikt som «Våren», «Ved Rundarne», «Den dag kjem aldri» og «Blåmann», har han vorte ståande for ettertida som ein av dei mest folkekjære lyrikarane i Noreg. Lyrikken hans vart til i overgangstida mellom Henrik Wergeland sin død i 1845 og det såkalla moderne gjennombrotet, og vert gjerne litteraturhistorisk plassert under den poetiske realismen.
Han var dessutan ein markant føregangsmann innanfor norsk journalistikk, både som Christiania-korrespondent i Drammens Tidende og med sitt eige blad Dølen. Vinje markerte seg som ein retorisk medviten kritikar av både samfunnstilhøve, politikk og litteratur, og som ein som hadde tvisyn, altså som såg sakene frå to sider.
aasmund olavsson vinje